Nils Olav Østrem frå Skjold er historieprofessor.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Skriv om husmenn i Noreg
Nils Olav Østrem har det siste året sett under lupa over historia om husmenn i Noreg. Dette har resultert i boka En kort introduksjon til husmannsvesenet», med blikk på husmenn og deira kår for over hundre år sidan.
Boka til historieprofessoren frå Skjold er den første vitskaplege framstillinga om husmannen og hans kår på 100 år. Boka nyanserer det generelle bildet og oppfatningane av husmannsvesenet. Midt på 1800-talet utgjorde husmenn den nest største samfunnsgruppa i landet, og dei økonomiske levekåra og livsvilkåra varierte mykje.
— Eg har vore opptatt av husmannsvesenet så lenge eg har studert, seier Nils Olav Østrem om boka som er ei av bøkene Cappelen Damm Akademika har planlagt i ein serie dei har kalla En kort introduksjon til…»
Mangfaldig tenking