Pensjonert major frå Vats, Tor-Jan Stokkedal skriv krigshistorie og treng hjelp frå Grannar-lesarar.
Foto: Privat
Skriv lokal krigshistorie
Utflytta vatsbu, Tor-Jan Stokkedal (66), vender seg til Grannar sine lesarar på jakt etter kjelder og informasjon frå andre verdskrig.
Han er i ferd med å skriva bøker om minnesmerke og bautaar som finst etter dei som fall under krigen. I tillegg vil Stokkedal skriva om nokre av dei som ofra livet, blant anna personar som var med i handelsflåten.
— Heltar som overlevde krigen, er også interessante å få vita ein del om.
Det er viktig at komande generasjonar kan få lesa om desse som ofra liv og helse for at me skulle få eit fritt Noreg, seier 66-åringen.