Olalia Fjellstove ein fin vinterdag.ARKIVFOTO
Skiføre på Olalia: — Det blir køyrt opp løyper til helga
Det er rikeleg med snø i fjellet, men sterk vind den siste tida har ført til gjenblåste løyper inn mot Olalia. Så snart vinden avtar vil løypene bli køyrt opp på ny.
— Det er godt med snø på Olalia og me hadde gode forhold i helga. Det har vore mykje vind nå og det er litt avblåst enkelte stader. Det er ikkje køyrt opp løyper i dag, seier dagleg leiar i Friluftsrådet Vest, Solveig Myge og håpar nye løyper vil stå klar til helgeturen.