— Føremålet med møtet i dag er å orientere om prosessen. Ein fredingsplan etter kulturminnelova […]
Grannar Grannar
PublisertSist oppdatert
— Føremålet med møtet i dag er å orientere om prosessen. Ein fredingsplan etter kulturminnelova er omfattande arbeid, og det tar tid, opna fylkeskonservator Gerd Bolstad til dei nærare 30 frammøtte i Etne tinghus førre onsdag. Oppfølginga av eit tidlegare politisk vedtak om sikring av eit område på Stødleterrassen etter kulturminnelova, er no i gang. Fylkeskommunen ønskjer dialog med grunneigarar og andre som har interesse i området. — Målet er å halde ved like kulturlandskapet slik det er i dag, og dermed nytte den aktiviteten som har skapt det for å oppretthalde det, forklarte Torleif Aksdal, arkeolog og handsamar i Stødle-saka. Han representerte, saman med Bolstad, fylkeskommunen på møtet. Dei var begge tydelege på at dei ønskjer å leggje til rette for landbruket på Stødle, sidan dette er i tråd med verneplanane. Uttak av sand og grus i eit verna område er derimot meir problematisk. — Gjennom dialog med grunneigarane kjem me til å snevre inn det fredingsarealet som no er teikna på kartet. Målet er å ende opp med eit kjerneområde, men det er viktig å byrje med eit stort areal der mange interessentar kan kome med innspel, heldt Aksdal fram. Både Sørheim, Austrheim og Stødle er med i det området som førebels er stipla ut. Stor verdi Bolstad argumenterte med at Stødleterrassen, og dei kulturminna som er der, er viktige for landet si historie. Ho sa vidare at det blir Riksantikvaren, som etter omfattande høyringsrundar, gjer det endelege vedtaket i saka. Fylkeskonservatoren la ikkje skjul på at freding fører til restriksjonar på aktivitetane i området, men ho var også opptatt av å framheve at eit slikt vern bringer inn nye ressursar. Fleire grunneigarar uttrykte skepsis og uvisse til kva verknader fredingstiltaket kunne få. Ingvor Gundegjerde og Else Selland var mellom dei. — Eg synst det var meir enn nok å frede dei 10 til 12 dekar som allereie er freda, sa Gundegjerde. Selland undra på om det ikkje var ein betre ide å ta vare på dei kulturminna som allereie er der, og ho sikta til helleristingsområdet på Helgaberg. Bolstad lova tiltak her. Uvisst for kyrkjegard Fleire stilte skeptiske spørsmål kring restriksjonar på uttak frå skogen og reising av nye driftsbygningar, og Bolstad måtte gjenta at fylkeskommunen har interesse av å ivareta landbruket sine interesser. Det blei opplyst at ein skjøtselplan for kulturminne vil bli laga til, og at ein arkitekt frå fylket vil bli nytta i byggesaker. Både grunneigar Osmund Gravelsæter og kulturleiar i kommunen, Erik Kvalheim, etterlyste betre tilrettelegging for turistar i form av toalett og peg vekk store verdiar]]> http://www.grannar.no/2009-02-16 08:23:00.0<![CDATA[Grannar Avis]]> <![CDATA[— Eg merka ikkje dei store skadane på skogen min før i vår. Det er så gale at bortimot kvart einaste tre har større eller mindre skader frå hjorten, seier ein oppgitt Bjørn Osvåg, grunneigar på Moe i Etne. Eivind Lien frå Skogeigarlaget Vest har vore klar over problemet, men ikkje at skadeomfanget er så stort. — Det er gjort stor skade på granskog både i Etne, Ølen og Vindafjord. Eg vil oppmoda alle bønder om å sjekka skogen sin, for å vurdera korleis dei vil ta seg av problemet, seier Eivind Lien. Vil hogge skogen Hjorten gneg store delar av rotstokken, som er den mest verdifulle delen på eit tre. Trea som er skadde på Moe i Etne har sår som er fem til ti år gamle, samt heilt ferske. No vil grunneigarane Sjur Aakra, Martin Moe og Bjørn Osvåg hogga ned skogen. Risikoen for at rote vil øydeleggja store verdiar, samt at vinden kan blesa over ende tre med skader, er så stor at dei vil gjera det så fort som råd. Den mest gunstige tida for hogst ville vore om femten år. — Me taper mykje på å gjera det no i forhold til om femten år. Entreprenørar tar seg meir betalt for å hogga ein såpass ung skog og tremassen er mindre no enn kva den ville vore om trea hadde vore friske, og kunne stått i femten år til, seier Bjørn Osvåg. Det nøyaktige verditapet i kroner og øre er vanskeleg å rekna ut, men ved å ta ut skogen femten år for tidleg, vil tapet vera om lag 70 kroner per kubikkmeter, pluss tilvekst. På Moe i Etne reknar ein med å kunna ta ut bortimot 3000 kubikkmeter med skog. Ein treng ikkje vera matematisk geni for å skjøna at tapa er store. Bøndene har forsikring av området, men den dekkjer ikkje hjorteskader, berre brann og vindskader. Altfor mykje dyr Bjørn Osvåg er ein ivrig jeger. Han er overbevist om at det er altfor mykje dyr i distriktet. — Eg har sett flokkar på opp mot tjue dyr, og det er mykje! Kommunen bør ta seg ein runde for å opna opp for å fella fleire dyr, i alle fall i område som dette, der skadane er så store. Eg las ein stad at hjorten kosta meir enn den smaka, og det er heilt sant, seier han. Ruta til hjorten går frå granskogen om kvelden, ned på dyrka mark for å beita om natta, og om morgonen søkjer dyra ly i granskogen att. — Det er tydeleg at granfelt som ligg i nærleiken av dyrka mark, som hjorten brukar til beiteområde, er ekstra utsett, seier Eivind Lien. Kvifor dei gneg er eg ikkje sikker på. Det er ikkje berre for å henta næring i alle fall, for det gjer den betre andre stader. Eg trur rett og slett at den gjer det fordi den kjedar seg, seier Eivind Lien. Utvida felling Annbjørg Bue ved Etne landbrukskontor kan fortelja at prosessen for å få fleire fellingsløyve på område der hjorteskadane er store, er starta. — Viltnemnda vedtok på sist møte at me skal søkja Fylkesmannen om å endra minstearealet for felling av hjort på slike skadeområde. Søknaden er enda ikkje sendt, men arbeidet er i gang. Kor store sjansane er for at dette skal gå gjennom, veit eg ikkje. Men eg vil tru at bruk som er plaga av hjorteskader, har god grunn til å søkja om mindre areal per dyr, eller dispensasjon som er større enn dei 50 prosenta som me har i dag, seier ho.