Det kan godt hende Jon Syvert Hjemdal frå Etne er arveleg belasta, for han har to søsken som er uteksaminert frå Lundeneset, og ein bror som er i ferd med å starta i 3.klasse ved same skule. Så for han var vgs i Ølensvågt eit førsteval.
— Mine søsken har likt seg veldig godt her og dei har tilrådd skulen, så då hadde eg også lyst til å gå her, seier han.
16-åringen har starta i førsteklasse på medielinja denne veka, og skal bu tre år på internat.