Skanninga skjer ved hjelp av helikopter.FOTO: HENRIK BERGMAN/HELITRANS
Skanninga skjer ved hjelp av helikopter.

Skannar straumnett i Etne

Helikopterskanning skal sikre straumnettet frå Sunnfjord til Etne.

Publisert Sist oppdatert

Sist veke starta BKK arbeidet med å skanne 4000 kilometer med høgspentlinjer frå Sunnfjord i nord til Etne i sør ved bruk av helikopter. Arbeidet, som er venta å vare mellom 2 til 6 veker, avheng av vêrtilhøva. Føremålet med skanninga er å samle inn data som vil bidra til betre vedlikehald og drift av straumnettet.

Sigve Eldøy, prosjektleiar i BKK, framhevar viktigheita av prosjektet i ei pressemelding.

— Arbeidet er ein sentral del av å sikre ein trygg og påliteleg straumforsyning. Dataa vi samlar inn gir oss eit godt grunnlag for å avdekke behov for vedlikehald og element knytte til drifta av straumnettet. I tillegg gir dataa oss innsikt i nye og meir effektive løysingar som vi kan ta i bruk i drift — og vedlikehaldsarbeidet, seier Eldøy.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS