Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Skal sjå på prisen

Publisert Sist oppdatert

Kolumbus si rute mellom Grannar-distriktet og Haugesund, rute 260, har to forskjellige billettprisar: 35 kroner for ein vaksenbillett for reisande innafor sona som går inn til fylkesgrensa på Fikse. Og 65 kroner for dei som skal vere med over fylkesgrensa og dei få kilometrane ned til Etnesjøen, kor bussen snur.

Prisauken på fylkesgrensa er dermed 76 prosent. Årsaka er at Kolumbus definerer heile Haugalandet, med unntak av hordalandskommunen Etne, som ei prissone. Kryssar du fylkesgrensa, så legg Kolumbus til grunn at du reiser inn i ei ny prissone.

Det er opp til det politiske fleirtalet i kvar fylkeskommune å bestemme kva praksis dei skal ha for fylkeskryssande bussar. I fjor sa leiar for utvalet for samferdsel i Rogaland fylkeskommune, Arne Bergsvåg (Sp) frå Vindafjord, til Grannar at ein hadde lagt fylkesgrensene til grunn og at ein då ikkje hadde sett på Etne-problematikken isolert. Han la til at ein ville sjå på det om det kom eit initiativ frå Etne eller Hordaland.

Powered by Labrador CMS