Her i den tidlegare Diversen-bygningen i Ølen skal Vindafjord tannklinikk etablere seg før sommaren 2018. Den erstattar klinikkane som er i Ølen og Sandeid i dag. Skjold skal også avviklast, men det er ikkje avgjort når.
Foto: Jon Edvardsen
Skal husa offentleg tannlege
Fylkestannlegen i Rogaland har bestemt seg for nye lokale i Ølen sentrum rett over gata for Shell-stasjonen. Ein bygning som både har kontor og leilegheiter. Barnevernet i Vindafjord leigd lokale i bygningen tidlegare.
Etne drog ut
— Etter ei ombygging reknar vi med å vere på plass i dei nye lokala sommaren 2018. Det har tatt si tid og vi har hatt nokre utfordringar sidan Hordaland har ombestemt seg under vegs og ikkje vil vere med i Ølen. Prosessen har tatt lenger tid enn venta, seier fungerande fylkestannlege Eivind Hauge i Rogaland fylkeskommune.