Kommunane får milliardar ekstra frå staten neste år. Det er nok godt nytt for .
Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.

Skal byggje nytt interkommunalt krisesenter – målpris på 120 millionar kroner

Både Etne kommunestyre og formannskapet i Vindafjord har no gitt klarsignal for bygging av eit nytt krisesenter i Aksdal.

Publisert Sist oppdatert

Etne kommunestyre og formannskapet i Vindafjord vedtok denne veka å gå vidare med planane om nytt krisesenter i Aksdal, med målpris på 120 millionar kroner. Tysvær kommune får ansvar for å gjennomføre prosjektet.

Både Etne kommunestyre og formannskapet i Vindafjord vedtok saka samrøystes. Vedtaka er likelydande og bygger på same prosjektgrunnlag.

Bakgrunn for prosjektet

Det eksisterande krisesentertilbodet i regionen har vore i drift i over 40 år og er lovpålagt etter Lov om kommunale krisesentertilbod. Forskrift om sikkerheit i krisesentertilbodet stiller strenge krav til fysisk sikkerheit, skjerming, universell utforming og barnefagleg kvalitet. I 2022–2023 vedtok dei 16 eigarkommunane å etablere eit nytt samlokalisert krisesenter i Aksdal. Tidlegare konsept hadde høge kostnader og stort areal, men prosjektet er no vidareutvikla for å oppnå lågare totalkostnad med tilstrekkeleg kvalitet.

Den reviderte planen inneber at enkelte funksjonar som rus- og psykiatrifølgjebehov og overgangsleilegheiter vert teke ut av bygningsprogrammet og handtert i eigarkommunane gjennom alternative løysingar og avtalar. Reguleringsendring av valt tomt er også nødvendig.

Ansvar og vidare framdrift

Tysvær kommune får fullmakt og ansvar som byggherre og oppdragsgjevar for byggjeprosjektet i Aksdal. Det betyr at Tysvær får myndigheit til å inngå nødvendige kontraktar og følgje opp både framdrift, kvalitet og økonomi – i tråd med dei vedtekne måla og rammene. Vedtaket inneber at alle dei involverte kommunane må innarbeide auka driftskostnader i sine økonomiplanar.

Prosjektet er eit samarbeid mellom 16 kommunar og er ein del av eit regionalt initiativ for å styrkje tilbodet til personar som opplever vald i nære relasjonar. Målet er å skape eit meir robust og framtidsretta tilbod med høgare kvalitet og betre tilgjengelegheit for innbyggjarane.

Dersom alle kommunane gir tilslutning, kan forprosjekt og anskaffing gjennomførast i 2025–2026, med byggjestart etter investeringsvedtak og planlagt overtaking i 2028.

Powered by Labrador CMS