Vilde Øyjord hoppar frå kanten, mens Emilia Nikola Kusmierz gir henne eit dytt på vegen. Barne- og ungdomsarbeidar Martin Kvinnesland tar i mot.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Skal bada i sjøen frå april til oktober
Å hoppa frå bryggekanten i Honsvikjo i april, er knallgøy. Og for dei som lurer: Vatnet er ikkje iskaldt, det er faktisk kokvarmt! Vilde Øyjord og Emilia Nikola Kusmierz er to av 20 småfolkingar» som får bada i sjøen annakvar veke.
Det er torsdag og på Honsvikjo i Etne er badesesongen alt i gang. Rett nok peikar gradestokken tett oppunder 20 grader på land, men i sjøen er det ikkje meir enn 6,6 grader. Med andre ord kan definisjonen kokvarmt» diskuterast, men kva gjer vel det? Dei fem førskulebarna frå Småfolk barnehage som denne dagen har fått lov til å vera med på badetur, merkar ikkje mykje til temperaturen i sjøen. Hovudsakleg fordi dei er godt utstyrte med våtdrakter og badesko, men også fordi dei har det så kjekt. Så innmari kjekt!
— Det er så gøy å bada i iskaldt vatn, for det er ikkje iskaldt, ropar Vilde Øyjord før ho tar sats og hoppar frå brygga og inn i barne- og ungdomsarbeidar Martin Kvinnesland sine trygge armar.
Sekundar etterpå er det Emilia Nikola Kusmierz sin tur, før dei begge baksar seg på land igjen for ein ny hopperunde.