Skakkeringen får nasjonal og internasjonal merksemd
I den nye nasjonale arkitekturstrategien er Skakkeringen trekt fram som eit eksempel til inspirasjon, skriv Etne kommune på sine heimesider. Kommunal- og distriktsdepartementet brukar prosjektet som døme på korleis god arkitektur kan skapast.
At nettopp Skakkeringen har fått plass i eit styringsdokument på nasjonalt nivå, blir rekna som ei spesiell anerkjenning – særleg fordi prosjektet kjem frå ein liten kommune.
Prosjektet har også fått internasjonal merksemd. Både ArchDaily og Dezeen har omtalt Skakkeringen. Dezeen er verdas mest lesne digitale plattform for design og arkitektur, og løftar berre fram eit fåtal prosjekt frå Skandinavia kvart år.