Sjukefråværet har auka mykje meir i Tyskland enn i Noreg. Også i Danmark og Nederland har sjukefråværet auka meir enn her til lands i perioden 2019–2023.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB / NPK
Sjukefråværet aukar meir i andre land enn i Noreg, ifølgje undersøking
Auka sjukefråvær skaper bekymring blant fleire norske politikarar. Men samanlikna med nabolanda, kjem ikkje Noreg så dårleg ut.
Undersøkinga frå Frifagbevegelse
har sett på den offisielle sjukefråværsstatistikken i Noreg, Sverige, Danmark, Nederland og Tyskland frå før pandemien starta og til og med 2023.
Den viser at sjukefråværet har auka mykje meir i Tyskland enn i Noreg. Også i Danmark og Nederland har sjukefråværet auka meir enn her til lands i perioden 2019–2023.
– Desse tala viser ein auke i sjukefråværet i mange land samanlikna med tida før pandemien. Dette kan tyde på at den auken vi har sett her, ikkje er noko særnorsk fenomen, seier direktør Simen Markussen ved Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forsking til Frifagbevegelse.