Den lengste kuldeperioden på ti år har gitt rekordhøge straumprisar.Foto: Tore Meek / NTB / NPK
Den lengste kuldeperioden på ti år har gitt rekordhøge straumprisar.

Sjokket over, men spår framleis høge straumprisar

Blåmåndagen der mange straumkundar opplevde ei femdobling i straumprisen, kjem neppe tilbake. Men kraftanalytikarar spår framleis dyr straum fram mot mars.

Publisert Sist oppdatert
Måndag enda dagssnittprisen på 1,02 per kilowattime (kwh). I vekene etter nyttår var kraftprisen i Sør-Noreg oppe i 70–80 øre per kwh. I heile fjor var gjennomsnittsprisen 10 øre kwh, ifølgje Olje- og energidepartementet.

— Det kjem til å bli dyrt vidare òg, spesielt i februar, seier kraftanalytikar Ole Tom Djupskås i Refinitiv til NTB.

Ikkje berre var veke 4 den dyraste straumveka hittil i år, men den femte og inneverande veka starta med eit brak. Spotprisen skvatt opp til det høgaste nivået sidan 2016.

– Det var ein ekstrem pris vi såg på måndag. Men det blir nok høg pris heile vegen framover no. Ikkje som måndag, men høgt. Det er meldt kaldt og tørt heile februar og eit godt stykke inn i mars, seier Djupskås.

Kaldast sidan 2010

Det er det kalde vêret med høgt forbruk og kapasitetsmanglar som dominerer vurderingane til kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Wattsight.

– Vêrvarsla vi ser no, tyder på at det skal bli ein lang og kald vinter. Januar er allereie den kaldaste vi har sett på tiårsstatistikkane eg har, og februar er meld endå kaldare. Temperaturen gir eit signal om at det kan vere fleire bumper på vegen framover, og eit stabilt høgt prisnivå, seier Tor Reier Lilleholt, til NTB.

Lite vind gir høgare pris

Han ser òg at lite vind i vindmøllene kan bli eit problem som også er med på å skyve prisane opp i vinter.

– Det er kombinasjonen av lite vind og høgt forbruk som gir den tøffaste prisstiginga. Vatn har ein nok av i magasina, men det er problem med å få det gjennom systemet fordi ein ikkje har nok kapasitet, seier Lilleholt.

Noreg har vore nøydd til å kjøpe straum frå utlandet i det siste. Lågast pris i overføringsnettet finn du i Tyskland. Derfor vart straumprisen lågare i Kristiansand enn i Oslo, som var kopla meir mot dei svenske prisane. Ifølgje Lilleholt er slike regionale variasjonar sjeldne.

– Stort sett er det veldig lite prisforskjellar i Noreg, seier Tor Reier Lilleholt. (NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS