Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det er ein fugl av dette sjeldne slaget som er sett i Ølen.
Det er ein fugl av dette sjeldne slaget som er sett i Ølen.

Sjeldan gjest sett i Ølen

Publisert Sist oppdatert

Den svært sjeldne isfuglen (Alcedo Atthis) er nyleg observert i Ølen. Arten, som i hovudsak held til i varme strøk, er ein trekk- og streifefugl og dei fleste observasjonar av fuglearten er gjort i Noreg i vinterhalvåret. På grunn av global oppvarming har fuglen søkt stadig lengre nordover, og har tidlegare blitt observert på Austlandet.

Ifølgje Norsk Ornitologisk Forening er det ingen bevis for at fuglen hekkar i Noreg årleg, og bestanden er truleg under 50 par. I dei seinare har bestanden gått ned i mange land, medan Sverige og Danmark har opplevd ein oppgang.

Isfuglen er ein liten og kompakt fugl med stort hovud og langt nebb. Den er fargerik. Blå på ryggen og oransje i buken. Isfuglen leitar etter føde i rask flukt i småvatn og elver omkransa av skog. Den set på greinene og dykkar ned for å fanga byttet som består av småfisk, insekt og småkreps.

Powered by Labrador CMS