På biblioteket i Ølen er det tid for ein ny runde haustsjakk der barn og vaksne frå fire år og oppover får testa sjakk-kunstane sine. Eit bugnande premiebord fullpakka med skinande pokalar lokkar deltakarane til å vri hjernen litt ekstra denne dagen, sjølv om målet med sjakktevlinga er å ha det moro og læra seg eit nytt trekk eller to.
Dei to unggutane Simonas Kisla (7) og Selmer Lorentzen (6) synest det er kjekt å møtast til eit slag sjakk saman med andre sjakkspelerar frå distriktet, og så snart dagens instruktør Ivbjørn Nimki signaliserer at spelet kan byrja, set dei i gang.
— Det er ikkje vanskeleg. Eg har spelt lenge. Når eg spelar med pappa heime, vinn eg av og til, seier Simonas frå Sandeid og flyttar brikkene bestemt rundt på brettet.