Sebastian Davidsen Øglend og Etne IL fekk tøff motstand borte mot Haugar torsdag kveld.Bildet er frå eit oppgjer mot Nord tidlegare i år.
ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNESFOTO: Magne Skålnes
Sjå korleis det gjekk då Etne møtte eks-proff
HAUGAR – ETNE 4-0: Tidlegare utanlandsproff og eks-landsslagsspelar Christian Grindheim (39) spelte frå start for heimelaget Haugar, og sa i frå om kor skapet skulle stå då han skåra allereie i det første speleminuttet.
Og Etne klarte aldri å svare. Allereie til pause sto det 3-0 til heimelaget på kunstgraset sør i Haugesund. I andre omgang auka Haugar leiinga då Alan Jan Urban sette sitt andre og laget sitt fjerde mål for dagen.
Med sin siger kraup Haugar opp i ryggen på serieleiar Avaldsnes og meldte seg i kampen om opprykk til 4. divisjon, mens Etne slit i botn av tabellen. Ei trøst er at dei ikkje kan rykke ned, då Skudenes har trekt sitt lag frå avdelinga.