Siste sjanse for Helander

Vikebygd Industripark sin endelikt som aktør bak eit gigantisk forbrenningsanlegg for boss på Dommersnes, er […]

Publisert Sist oppdatert

Vikebygd Industripark sin endelikt som aktør bak eit gigantisk forbrenningsanlegg for boss på Dommersnes, er ikkje avgjort. Dersom han kan hoste opp nokre hundre tusen kroner i løpet av seks dagar, har han gode kort på hand ved første skiftesamling i selskapet den 12. november.

Tolvte time
Jan Helge Helander kan kome seg på beina igjen i tolvte time dersom han har nok kapital å servere bustyraren. Men det er ikkje første gong at Helander har sagt han skal ordne opp i kravet om å auke aksjekapitalen i selskapet til 100.000 kroner slik det nye kravet er. Men denne gongen er det siste toget som går for selskapet som har ein 80 år lang leigeavtale med Ølen kommune for store delar av industriområdet i Vikebygd. Mangelfull innbetalt aksjekapital har ført selskapet til skifteretten.
Grannar lukkast ikkje med å få kontakt med Helander i går. Går selskapet hans over ende, har han heller ingen leigeavtale med Ølen kommune.

Må betale
Bustyrar advokat Jacob S. Bjønnes-Jacobsen opplyser at Helander har hatt kontakt med han, men det er ikkje nokon avtale om kva som skal skje vidare.
— Dette er ikkje ei reversering ein kan gjere over natta. Han må stille garanti for alle uteståande krav, pluss rett og bustyrer sine kostnader, og 50.000 kroner til heving av aksjekapitalen. Deretter kan eg tilbakeføre selskapet til eigaren, opplyser Bjønnes-Jacobsen.
I følgje bustyraren er det ikkje noko uvanleg med økonomien til prosjektselskapet Vikebygd Industripark sidan det ikkje har inntekter. Gjeld pluss kostnader til retten og aksjekapital, er truleg rundt 300.000 kroner.

Powered by Labrador CMS