Sikra seg mange flotte plagg
Det var rikeleg med brukte klede å velja mellom for folk som tok turen til Sjøperlo for å byta eitt plagg eller to under klesbytedagen. Og skulle ein ha behov for litt syhjelp let det seg også ordna.
— Eg har shoppa litt til omsaum. Og så er eg her for å få litt inspirasjon, seier Sølvi Barane Hage frå Ølen.
Saman med Solveig Frøyland frå Skjold har ho tatt seg ein runde rundt i foajeen på Sjøperlo for å sjekka ut om det finst nokre godbitar ho enten kan bruka sjølv eller nytta til andre syprosjekt. Og dei to damene finn litt av kvart som kan koma vel med.
— Dette er veldig positivt. Og så er her mykje folk, seier dei.