I ein alder av snart 70 år og etter 50 år bak rattet helsar Otto Håland frå Etne fortsatt passasjerane velkomne med eit smil.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Sikker transport i 50 år
I 1966 starta Otto Håland frå Etne si yrkeskarriere i transportselskapet HSD. Først som trailersjåfør, seinare som bussjåfør. I ein alder av snart 70 år er han fortsatt å finna bak rattet og her trivst han så godt at pensjonisttilværet er lagt på vent, i alle fall nokre månader fram i tid.
— Eg får nå sjå kor lenge eg skal halda på. Eg tek eitt år om gangen. Busselskapet vil helst ha meg, og nå får eg jo både løn og pensjon, smiler den blide bussjåføren og helsar velkomen inn i bussen som står parkert utanfor senteret i Etne.
— Nå har eg pause. Me må følgja kviletidene og ha tre kvarters pause for kvar fire og halv time me køyrer. Elles kan me få bot, seier han og set seg godt til rette i førarsetet for å gjera unna dagens faste pause før neste køyretur.