Lang øvingshelg med mikrofonar som skal skiftast ut med myggar» når teppet går opp for ein heilaftan med Skakkekoret. Her Ellen Hatteland i aksjon, flankert av Anette Matre (t.v.), Thorild Molland (t.h.), Maiken-Christin Turlid (bak t.v.), Bente Nesheim Johansen (bak.t.h.), og Sissel Line Grønstad (nede t..h.Foto: Arne Frøkedal
Lang øvingshelg med mikrofonar som skal skiftast ut med myggar» når teppet går opp for ein heilaftan med Skakkekoret. Her Ellen Hatteland i aksjon, flankert av Anette Matre (t.v.), Thorild Molland (t.h.), Maiken-Christin Turlid (bak t.v.), Bente Nesheim Johansen (bak.t.h.), og Sissel Line Grønstad (nede t..h.

Show med trykk og glede

Dei er fulle av energi og glede, og vil gjerne dela dette med sitt publikum.

Publisert Sist oppdatert

Etter lang tid i dvale, har Skakkekoret vakna til live igjen. Dei lovar intense nummer, variert meny og eit show utan ein raud tråd.

Koret med base i Etne, berre damer i rekkjene og geografisk brei spreiing, har snart halde det gåande i 20 år. Sist publikum høyrde frå gjengen var tidleg i 2019 med konserten Skakkekoret røffar seg». Så kom pandemien og fleire planlagde prosjekt måtte kansellerast.

— Det har vore ein lang pause, så det er godt å koma i gang igjen. I staden for ein lang øvingsperiode har me denne gongen køyrd intens. Og dette trur eg skal bli bra, seier dirigent Audny Aasheim innimellom ei av øktene i den lange øvingshelga.

Over 30 involverte

Med sju av 22 medlemar frå Vindafjord er dette langt frå eit Etne-kor. Sidan sist er det kome to nye medlemmar, etnebuen Bente Nesheim Johansen og Randi Berge frå Ølensvåg. Også det sju manns sterke bandet med Rune Rødne om kapellmeister og Morten Odeen som ansvarleg for alle blåsearrangementa, kjem frå fleire bygder.

Me veks i lag og det er ei kjekk kjensle å oppleva når me endeleg lukkast

Eileen P. Selland, Skakkekoret

Med lys og lyd frå ABC studio vil over 30 personar vera involverte i produksjonen. Og kanskje kan det alt nå vera lurt og blinka ut datoane for dei to oppsette konsertane i kulturhuset Skakke; fredag 28. oktober og torsdag 3. november. Skakkekoret er kjent for å selja ut sine førestillingar.

Jo, du les rett innleiingsvis; Utan ein raud tråd» er tittelen på konserten, medan koret samstundes inviterer til SHOW. Så då er det berre å gleda seg.

Utan ein raud tråd» er tittelen på konserten Skakke presenterer denne hausten.

Gir bort overskotet

Eileen Pedersen Selland har vore med i Skakkekoret sidan 2015 og karakteriserer det som ei vitamininnsprøyting å vera med.

— Eg elskar dette. Det er så kjekt å møta desse ulike damene som kjem med smil og glede, og som alltid har noko å gi. Me veks i lag og det er ei kjekk kjensle å oppleva når me endeleg lukkast. Etter kvar øving er eg så full av energi at det er vanskeleg å få sova, seier 31-åringen og legg smilande til at ho har blitt trebarnsmor sidan ho starta i koret.

Selland er medlem i styret som kasserar, og fortel at alt overskot skal gå til Sjukehusklovnane.

— Me er stolte over å kunne gi det som er til overs vidare til å gleda barn i ein tøff sjukehuskvardag. Dette er første gongen me har eit ideelt føremål å gi overskotet frå ein storkonsert til. Me syng for å gleda oss sjølve og andre, og har difor ikkje trong for å ta ut noko overskot, seier ho.

Kordireigenet Audny Aasheim diskuterer detaljar med kapellmeister og pianist Rune Rødne.

— Elska og hata for dette

Medan koret er vant til å opptre med kvar sin mikrofon i handa, skal dei denne gongen vera utstyrte med myggar». Det gir songarane høve til å bevega seg meir på scenen og kan gi showet ein annan karakter.

Konserten er delt inn i fire musikalske bolkar; gregoriansk, glitter og glam, gruppelåtar og rock.

Dirigenten har funne på nye ting denne gongen som også har vore utfordrande for dei 22 kormedlemane. Dei blei delte inn i tre grupper som fekk utdelt sine songnummer med oppgåve om å løysa dei på kvar sin måte.

— Eg er elska og hata for dette, men kan lova eit godt resultat med mange kraftfulle låtar, og mykje energi og glede på scenen. Og med rock som siste bolk, blir det garantert ei heftig avslutning på kvelden, seier Audny Aasheim.

Powered by Labrador CMS