Kommuneoverlege Terje Kleiven meiner det er nødvendig med strengare tiltak for å unngå eit større utbrot i Vindafjord.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Set inn tiltak mot aukande smitte
Kommuneoverlege Terje Kleiven fekk dei sju nye tilfella inn i går ettermiddag og kveld, i tillegg til to dagen før. Vindafjord er dermed oppe i 16 positive prøvar for covid-19 i løpet av dei siste vekene.
Smitten tar fart
— Det er aukande smitte i kommunen, og rundt 10-12 personar har testa positivt på hurtigtest så langt denne veka. Vi ventar difor at smittetalet vil auke dei komande dagane. Vi oppmodar alle til å teste seg ved minste symptom på luftvegsinfeksjon, seier Kleiven på kommunen si heimeside.