Jurgita Folkedal, Eirik Drange Espevik, Kyrre M. Knudsen og John Karsten Hustveit hadde kvar sine innlegg.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Jurgita Folkedal, Eirik Drange Espevik, Kyrre M. Knudsen og John Karsten Hustveit hadde kvar sine innlegg.
Jurgita Folkedal fortalde om framtidsutsiktene til Skakke Røykeri.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Jurgita Folkedal fortalde om framtidsutsiktene til Skakke Røykeri.

Næringsliv

Ser lysare på framtida

Eit fleirtal av til saman 1.050 bedrifter som er spurt av Sparebanken1 Sør-Norge seier at dei har tru på at 2025 blir betre enn fjoråret. Også på Haugalandet augnar ein betring.

Publisert Sist oppdatert

Bedriftene i Sør-Norge ser lyst på framtida og ventar vekst og fleire tilsette i 2025. Det viser Konjukturbarometeret 2025 som blei presentert under ein konjunkturlunsj i regi av Medvind24 i samarbeid med SpareBank 1 Sør-Norge på nye Vågen bedehus i Ølensvåg.

— I Rogaland har bedriftene positive framtidsutsikter. Det er bra trykk i industrien og det ligg meir stabilt til i bygg- og anlegg enn landet elles. Olje og IT bidreg også til betydeleg vekst. På Haugalandet merkar ein betring innan tilsette og lønsemd, sa sjeføkonom Kyrre M. Knudsen då han presenterte Haugalandsindeksen og Konjunkturbarometeret for Sør-Norge.

I overkant 50 personar møtte for å høyra korleis næringslivet ser på framtida.

Størst er optimismen i industri, olje, IT og eksport. Varehandel og nokre andre sektorar viser også vekst, medan det er venta nedgang i bygg og anlegg. Det er store fylkesvise og regionale forskjellar. Rogaland, Vestland og Oslo er blant fylka som viser størst optimisme. Agder, Buskerud og Telemark viser mindre optimisme.

Vekst

Eit fleirtal av bedriftene som er med i spørjeundersøkinga for Sør-Norge planlegg fleire tilsette. Mest positive er bedriftene i Rogaland, Oslo og Vestland.

Dei tre same fylka forventar også høgast vekst i omsetnad i 2025. Noko av veksten skuldast inflasjon, men bedriftene forventar også å selja fleire varer og tenester.

— Lønsemda er på veg til å bli betre, men investeringar generelt er bedriftene forsiktige med, sa Knudsen.

Risiko og usikkerheit

Bedriftene i undersøkinga blei også spurt om bekymringar for året som kjem. 7,4 prosent av bedriftene peikar på konkurs som ein av dei største bekymringane.

Bedriftene er også uroa for råvareprisar og auka renter.

Inflasjonen har gått ned den siste tida, noko som skulle tala i favør av lågare rente. Men sjølv om det er venta fleire rentekutt i 2025, opp mot to kutt i løpet av året og eit ytterlegare i 2016, er det stor usikkerheit knytt til renteutviklinga.

4 av 10 bedrifter svarar at auka personalutgifter og blant bekymringane for året som

Elles spelar andre faktorar inn, mellom anna krigen i Ukraina og Midtausten og ikkje minst korleis Trump sin politikk vil spela inn på marknaden i Europa og verda.

Kronekursen spelar ei viktig rolle for næringslivet og også her kan Trump sin politikk få følgjer. Det er knytt stor usikkerheit til valutaen, men på sikt er det sannsynleg at den norske krona vil styrka seg.

Lokale bedrifter

Tre lokale bedrifter var også invitert til lunsjen som samla rundt 50 personar frå det lokale næringslivet.

John Karsten Hustveit frå Åkrafjordtunet fortalde entusiastisk om suksessbedrifta i Åkrafjorden frå starten for 25 år sidan og fram til i dag. Ikkje minst om sitt siste grep med fjernebetent butikk som har bidrege til å auka omsetnaden betydeleg.

Jurgita Folkedal fortalde om framtidsutsiktene til Skakke Røykeri.

— Me hadde eit mål om å omsetja for 100.000 kroner dagleg. Det målet har me nesten nådd, sa Hustveit nøgd.

Frå AdmMit stilte Eirik Drange Espevik. Han kunne fortelja om auka marknadsandelar, omsetnad og framtidsutsikter.

— Nå har me eit mål om auka omsetnad og å auka talet på tilsette, sa han.

Dagleg leiar i Skakke Røykeri, Jurgita Folkedal, hadde delte mål for framtida til den vesle bedrifta i Etne som har hausta både lovord og ei rekkje prisar for sine kvalitetsprodukt. I dag omset bedrifta for 2,5 til 3 millionar og er for det meste drifta av grunnleggjar Roy Martin Øyjord og Folkedal, med litt leigehjelp i travle periodar.

— Det er stor økonomisk usikkerheit for vår bedrift. Me har eit ønskje om å selja bedrifta eller tiltrekkje oss investorar for vidare drift, sa Folkedal.

Powered by Labrador CMS