Senterutbyggar har Kiwi med på laget
Ein daglegvarekjede er sikra blant aktørane som skal inn i det nye butikksenteret i Eiodalen i Ølen sentrum, kloss ved krysset mellom Sandeidvegen og E134. Men styreleiar Hans Johan Døsen jr. i Ølen sentrumsutvikling har korta tett til brystet sjølv om at dei har gått ut med at ein daglegvarebutikk er på plass.
— Det er litt hemmeleg enno, men vi har gått ut med at daglegvare er hovudmotoren i senteret. Eg forstår at det er interesse, men det må vente med til eit seinare tidspunkt, seier styreleiaren i Ølen sentrumsutvikling.
Han representerer den eine eigaren, Knapphus Eiendom AS, og han har fleire roller i selskap eigd av Sjurseike-familien i Vats.