Arkeologar har funne det dei trur er relikvieskrinet til Stavangers skytshelgen i Stavanger domkyrkje. Fram til no har ein trudd at dette gjekk tapt under reformasjonen.
Foto: Anette Øvrelid / Arkeologisk museum UIS/ Handout / NTB / NPK
Sensasjonelle arkeologiske funn i Stavanger domkyrkje
Arkeologar frå Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger fann nyleg restane av relikvieskrinet med armbeinet til byens skytshelgen, St. Svithun av Winchester.
Restane vart funne gøymde i krypten under det nordre tårnet i Stavanger domkyrkje, skriv Universitetet i Stavanger i ei pressemelding.
I nesten 500 år trudde ein at relikvieskrinet vart sendt til Danmark og smelta om under reformasjonen.
Funnet består av ei forgylt koparplate på fem gonger ti centimeter. Koparplata har små hol langs kantane som tyder på at ho har vore festa til ein større gjenstand, til dømes ei treplate. Dette ser arkeologane i samanheng med ein forgylt sølvmedaljong med dyremotiv, og fleire dekorative edelsteinar av glas.
– Vi vart svært overraska då vi gjennomførte ei røntgenundersøking av koparplata. Biletet avdekkjer tydeleg ein kyrkjebygning med tårn og tak, søyler og vindauge, fortel konservator Bettina Ebert.
Alle desse funna kan koplast opp imot relikvieskrinet til St. Svithun.
– For kyrkja og byen er dette funnet ein sensasjon, seier utgravingsleiar Sean Denham.
Utgravinga vart gjennomført av eit forskarteam frå Arkeologisk museum ved UiS.
(NPK)