Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Talet på seniorar med høgare utdanning har stige betydeleg i befolkninga vår dei siste 20 åra. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB / NPK
Talet på seniorar med høgare utdanning har stige betydeleg i befolkninga vår dei siste 20 åra.

Seniorane blir stadig meir utdanna

Publisert Sist oppdatert

NPK: Talet på seniorar med høgare utdanning har stige betydeleg dei siste 20 åra i befolkninga vår. Medan 14 prosent av seniorane i år 2000 hadde universitets- og høgskuleutdanning, gjaldt dette 30 prosent av gruppa i 2023.

Det skriv Statistisk sentralbyrå (SSB) i ein artikkel på nettsidene sine. Ein senior er frå 55 år og eldre.

Frå 2000 til 2023 har delen menn med universitets- og høgskuleutdanning i seniorbefolkninga auka betydeleg – frå 18 til 29 prosent. Delen menn med vidaregåande utdanning som høgaste fullførte utdanning har også stige, frå 45 til 49 prosent, medan delen med berre grunnskuleutdanning har falle frå 36 til 20 prosent.

Kvinner i seniorbefolkninga har gjennomgått ei liknande utvikling i perioden, men auken i utdanningsnivå har vore endå større. I 2000 hadde elleve prosent av kvinnene i seniorbefolkninga universitets- og høgskuleutdanning, mot 18 prosent blant menn. I 2023 var denne kjønnsforskjellen nokså utjamna i seniorbefolkninga, då delen kvinner med høgare utdanning nådde 30 prosent, samanlikna med 29 prosent for menn i same år.

Kvinner i seniorbefolkninga har altså tatt igjen menn når det gjeld delen som har høgare utdanning. Også dette heng saman med at talet kvinner som tok høgare utdanning auka jamt gjennom 1970-talet, og at kvinner sidan 1986 har utgjort fleirtalet av studentane i universitets- og høgskuleutdanning.

(NPK)

Powered by Labrador CMS