Mange vitja Fjellstøl i vinterferien. Nokre på ski i lysløypa, andre i akebakken. Tilrettelagt med bålpanne og gapahuk, gjer det tilgjengeleg for store og små, som ynskjer å tilbringe dagen i snøen.Foto: Anne-Britt Grindheim
Mange vitja Fjellstøl i vinterferien. Nokre på ski i lysløypa, andre i akebakken. Tilrettelagt med bålpanne og gapahuk, gjer det tilgjengeleg for store og små, som ynskjer å tilbringe dagen i snøen.

Send oss ditt bilde frå vinterferien

Årets vinterferie gav både snø, sol og langt betre forhold enn forventa. Til og med snøen kom og har gjort det mogeleg med ein skitur eller aking utan å dra langt av garde.

Grannar håpar at mange vil dela sine ferske ferieopplevingar med våre lesarar, og sender oss eit bilde eller to. Dei fem første bidraga blir premierte med ei knippe Flaxlodd.

Send til:

foto@grannar.no

eller MMS til nr. 932 55 990

Hugs litt info om motiv, og namn på eventuelle personar (frå venstre) og namn på fotograf.

Helsing
Arne Frøkedal
redaktør

Powered by Labrador CMS