Edda Fauna er ein av båtane der Safe-medlemmer var tatt ut i streik frå onsdag morgon viss det ikkje blei oppnådd semje i meklinga. Klokka 2.45 var partane einige, og arbeidsdagen kan dermed starte som normalt.
Foto: Carina Johansen / NTB / NPK
Semje på overtid i Deep Ocean
NPK-NTB: Safe, fagforeininga for arbeidarar i oljeindustrien, vart natt til onsdag samd med arbeidsgivar Deep Ocean i meklinga hos Riksmeklaren.
Meklingsfristen gjekk ut ved midnatt, og partane sat i samtalar heilt fram til klokka 2.45 natt til onsdag før det vart semje.
– Vi har hatt to intensive og krevjande dagar hos Riksmeklaren, der vi har hatt høgt fokus på å rydde i tariffmessige forhold som har vorte vatna ut over fleire år med dårlegare tider. Vi har kjempa for å få på plass tunge tariffmessige endringar som legg føringar for bemanning i Deep Ocean, samtidig har vi lagt vekt på å sikre medlemmene betre føreseielegheit i kvardagen, seier klubbleiar Rune Hundhammer til nettsidene i foreininga.
Semja inkluderer mellom anna eit generelt lønnstillegg på 5,7 prosent, auka nattillegg og auka heilagdagstillegg.
Safe (Samanslutninga av Fagorganiserte i Energisektoren), er fagforeininga for mellom anna dei som jobbar på fleirbruksfartøy til havs. Safe er knytt til hovudorganisasjonen YS. Arbeidarar på fleirbruksfartøya jobbar med inspeksjonar og reparasjonar under vatn, ofte for olje- og gass industrien, men også for fornybar sektor.
Det er Safes lokale klubb for arbeidarar som jobbar for Deep Ocean, som forhandla om offshoreavtalen. 322 medlemmer er omfatta av ein direkteavtale med Deep Ocean.
(NPK)