Kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse i Etne kommune.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Sekse held fram som konstituert kommunedirektør – Ballarin blei takka av
Etne kommunestyre vedtok tysdag samrøystes å konstituera Åsmund Andersen Sekse som kommunedirektør frå 5. august 2025 og fram til ny kommunedirektør tiltrer. Vedtaket gjeld i utgangspunktet fram til årsskiftet, og gir Etne kommune tid til å gjennomføra ein rekrutteringsprosess etter ny toppleiar.
Åsmund Sekse, som til dagleg er kommunalsjef for utvikling og drift, har sidan februar vore konstituert kommunedirektør mens kommunedirektør Filippo Ballarin har vore sjukmeld. Ballarin har sagt opp stillinga si med verknad frå 18. august, og skal ha foreldrepermisjon dei siste to vekene før han sluttar. Dermed var det naudsynt med ei vidare konstituering frå 5. august.
Kommunestyret gav òg forhandlingsutvalet i kommunen mynde til å fastsetja løn for Sekse i tråd med Hovudtariffavtalen.