Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen vil ha fram meir kunnskap om skogen.
Arkivfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Seks av ti meiner det blir bygd ned for mykje natur
Ei ny spørjeundersøking frå Norsk friluftsliv, viser at seks av ti nordmenn meiner vi tillet for mykje utbygging i norsk natur i dag.
Undersøkinga var gjort blant 1088 personar i veke fem og seks, skriv NRK.
Sidan 2021 har talet på dei som meiner dette auka med nesten 20 prosentpoeng, og med 8 prosentpoeng frå sommaren 2023 til 2024.