Charl Maree er KI-sjef i SpareBank1 SR-Bank.
Foto: Mari Løvås / SpareBank1 SR-Bank
Seks av ti bedrifter brukar ikkje kunstig intelligens
KI-ekspert Charl Maree er uroa over at så mange som 63 prosent av bedriftene ikkje har gjort konkrete tiltak for å bruke kunstig intelligens (KI).
Charl Maree er KI-ansvarleg i SpareBank1 SR-Bank. Han fryktar at selskap som ikkje tek i bruk kunstig intelligens, kan gå på ein smell.
Banken har spurt 600 arbeidsgivarar om verksemda deira har gjort konkrete tiltak for å nytte seg av kunstig intelligens. 63 prosent svarte nei, 31 prosent svarte at dei har gjort det i i nokon grad», medan fem prosent svarte i stor grad».
– Det er altså frykteleg få som aktivt legg til rette for bruk av KI. Eg tolkar det som at bedriftene ikkje investerer aktivt, men at dei kanskje også brukar KI utan å vere klar over det. KI er nemleg meir gjennomgripande enn ein tenkjer over, seier Maree i ei pressemelding.
Han har inntrykk av at mange toppleiarar trur at KI ert noko som teknologi-nerdane berre ordnar opp i, og at det er overraskande lite kunnskap i næringslivet om fordelane og ulempene ved bruk av KI.
Han er redd for at mange ikkje forstår korleis KI kan skape verdi, og at det då er lettare, og billegare, å berre halde fram som før.
– Over tid kan det likevel koste dyrt, og meir enn leiarane er klare over. Det kan skape enorme barrierar for teknologi og ei for bratt læringskurve når dei etter kvart skal konkurrere i ein meir moden marknad, seier Maree.
Han trur selskapa som tidlegare har investert i å skape gode føresetnader for effektiv bruk og kontroll av KI, både vil vere meir kostnadseffektive og meir attraktive på arbeidsmarknaden. Og truleg meir lønsame.