Satsar på nye landsmenn
Rådmannen i Vindafjord vil bruke ekstra millionar i budsjettet for 2013 på å få arbeidsinnvandrarar til å bli verande i kommunen.
Rådmann Kristian Birkeland har lagt inn 2,3 millionar kroner til dette i budsjettforslaget under merkelappen demografitiltak.
Stikkord er ekstra midlar til opplæring i norsk for minoritetsspråklege i skulen og for vaksne, språkstimulering i barnehagen, og styrking av helsestasjonen og biblioteket med tanke på framandspråklege.
Er mobile
Det er også denne satsinga rådmannen er mest nøgd med i budsjettet han har lagt fram.
— Eg er mest tilfreds med at vi klarer å styrke oss der vi har størst vekst, nemleg i folkeveksten. I hovudsak er veksten arbeidsinnvandring og det er eit viktig bidrag til lokalsamfunna og tilveksten. Det er viktig for både næringslivet og kommunen at dei trivst og får tilbod tilpassa behovet sitt. Det er ei gruppe som er mobil og meir ustabil med tanke på flytting, og det er difor viktig å leggje til rette for at dei blir i kommunen, seier Birkeland.
mest tilfreds med at vi klarer å styrke oss der vi har størst vekst, nemleg i folkeveksten
Av ein folkevekst på 149 personar i Vindafjord i 2011, var 109 gjennom netto innflytting frå utlandet. Det er arbeidsinnvandrarar som får seg jobb i det lokale næringslivet.
Helse og språk
Ein vekst i folketalet på 149 personar, gir over 7 millionar kroner ekstra i inntekter frå staten i rammeoverføring. I tillegg til at folkeveksten gir meirutgifter på fleire område, til dømes behov for fleire barnehageplassar, har rådmannen altså lagt inn 2,3 millionar kroner ekstra til minoritetsspråklege.
Av alle nyfødde i kommunen fram til august, hadde 20 prosent minoritetsspråklege foreldre. Det er bakgrunnen for at bemanninga ved helsestasjonen blir styrka.
Ein kommune i vekst må bruke mest pengar på oppvekstområdet, er hovudlinja i rådmannen sitt budsjettforslag.
Har armslag
Birkeland karakteriserer det økonomiske armslaget til kommunen som historisk godt. Forslaget er å bruke 6 millionar til ekstra tiltak neste år. Så langt har han hatt politisk støtte til å ha ei god botnlinje ved slutten av året, og bruke bufferen til å investere for å unngå for sterk vekst i lånegjelda.
Her er ein del andre satsingar i rådmannen sitt budsjettforslag for neste år:
• Fleire lærlingplassar (450.000)
• Auka kapasitet i barnehagane (1.600.000)
• Fysioterapi (530.000)
• Kommunalt rusarbeid (1.030.000)
Ut frå sjukehus
— Noko eg gjerne skulle hatt meir pengar til, er vedlikehald. Der får vi ikkje gjort det vi burde og har ei utfordring. Men vi får ikkje plass til alt sjølv om alle einingane har fått større rammer, seier Birkeland.
Eit sentralt tema i kommune-Noreg er samhandlingsreforma, men der handlar det for Vindafjord sin del om å omfordele midlar av dei 9,9 millionane kommunen får frå staten.
Vindafjord har klart å ta unna pasientar som sjukehusa vil ha utskrive, og slepp dermed bøter, og det er difor ledig 1 million kroner i samhandlingspotten.
Det brukar kommunen til meir fysioterapi og midlar til å kunne ta imot dei som er utskrivne frå sjukehus, pluss folkehelsearbeid.
Les meir om budsjettet i Vindafjord i dagens papirutgåve av Grannar eller e-avisa.