Etter å ha brukt nesten all fritid i Åmsosen, bestemte ekteparet Tore og Sandra Skogen seg for å skifte adresse frå Forus til huset i Vats. Pandemien med opning for heimekontor har gjort det enklare å ta denne avgjerda på eit tidlegare tidspunkt enn planlagt. Leilegheita i Stavanger skal dei halde på.
Foto: Jon Edvardsen
Den store folkevandringa
Sandra og Tore Skogen tok jobben med seg heim
På vårparten i fjor gjorde dei husværet på Forus til pendlarleilegheit, og fekk fast adresse i huset i Åmsosen. Det er fire år sidan dei bygde huset i Vats på eit lite småbruk rett ved Åmselva.
Då bestemte dei seg for å selje huset i sør-fylket og heller skaffe seg ein leilegheit der. Paret har dermed snudd på det og bestemt seg for at Vindafjord er hovudbasen for framtida.
Lofoten til Vats