Samla barna for kreftsaka
Barnas dag i Ølensvåg er eit privat initiativ av Jorunn Halsnes kor det eventuelle overskotet går til kreftsaka.
Vèret denne laurdagen innbaud ikkje til inneaktivitetar, men likevel klarte Halsnes å halda programmet så interessant at det var berre eit fåtall ungar som var freista til å gå ut i sola for å spela fotball i ballbingen.
— Me skal inn igjen når den snakkande dokka, buktalar heiter det vel, kjem på scena, fortel Magnus Nedrelid (9) med kameraten Sebastin Vigre Lien (10) nikkande.