Saksøkjer ordføraren
Flyktningbustadene skapte baluba i Etne-bygda og planane vart til slutt skrinlagde. Tilbake på sidelinja stod […]
Flyktningbustadene skapte baluba i Etne-bygda og planane vart til slutt skrinlagde. Tilbake på sidelinja stod ein snurten eigar av Meieriplassen kjøpesenter som ville byggje leilegheiter i samarbeid med kommunen langs strandlinja på meieritomta.
Det var ordførar Amund Enge som inviterte Dag Handeland til å byggje leilegheitene som skulle ha spesielle målgrupper, mellom anna flyktningar.
Eitt år etter at Handeland måtte skrinleggje planane, selde Handeland meieritomta og kjøpesenteret, og sa farvel til Etne. I mellomtida hadde han møte med ordførar Enge der investoren ville ha kompensert for at kommunen først sa ja og deretter nei til prosjektet.
Handeland har ikkje fått sympati for kravet, og han har difor stemna kommunen ved ordførar Amund Enge for å få erstatning. For Etne-ordføraren kom ikkje søksmålet uventa.
— Etter dei samtalane vi har hatt, kjem ikkje dette som ei overrasking. Eg kan ikkje sjå at det er grunnlag for stemninga. Vi gjekk frå ei kontrakt, men eg kan ikkje sjå at vi er erstatningspliktige for noko. Eg lurer også på kva utgifter Handeland kan ha hatt etter at planane vart lagt fram til politisk behandling. Det gjekk berre nokre veker, seier Enge.
Retten i februar
Sunnhordland tingrett har fått stemning frå Dag Handeland og tilsvar frå kommunen, og partane skal møte i retten i februar. I følgje Handeland sin advokat, Nils Dale Elde, har kommunen gått frå ein avtale utan rettsleg grunnlag for det. Han viser til at avtalen vart underskriven etter positivt vedtak i kommunestyret, og at politikarane deretter snudde fordi det oppstod misnøye mot flyktningbustadene.
Kommunen på si side viser til at avtalen skulle opp igjen i formannskapet der det vart gjort endringar i avtalen. Difor var ikkje avtalen endeleg godkjent, hevdar kommunen sin advokat, Karl Øivind Kristiansen. Han meiner Handeland som profesjonell aktør burde vite at det ikkje var nokon garanti for at den framforhandla avtalen ville bli godkjent.
Det gjekk halvannan månad frå kommunestyret sa ja til avtalen og til saka kom opp igjen og fekk eit negativt utfall. I mellomtida hadde Handeland fått ordføraren si underskrift.
Inntekter i millionklassen
Handeland har i søksmålet ikkje konkretisert kor stor erstatning han vil ha for at kommunen til slutt sa nei til prosjektet. Han vil først og fremst ha erstatning for alle typar tap, og inntekter prosjektet kunne ha gitt han. I så fall er det snakk om eit beløp i millionklassen.
Om ikkje det når fram i retten, vil Handeland ha erstatta alle faktiske utgifter han har hatt med prosjektet. Kommunen på si side etterlyser dokumentasjon på tapet Handeland har hatt.
Saksøkjar er to av Handeland sine selskap, DH Industrier AS og Sjøtunet AS. Sistnemnde selskap var avtalepart og vart stifta same dag som Handeland skreiv under avtalen med kommunen. Selskapet er framleis registrert og var passivt i resten av 2003.