Foto: Varsom.no / Handout / NTB / NPK
Ruskevêr i vente på Vestlandet: – Kan bli store konsekvensar
Meteorologisk institutt og NVE har oppjustert farevarsel om nedbør, flaum og skred til raudt og oransje nivå for store delar av Vestlandet dei neste dagane.
− Dette er ein svært alvorleg situasjon. Det kan bli flaum med store konsekvensar. Vi ser allereie at det har byrja å gå skred på Vestlandet, og det kan bli utfordrande framkomme når regnet treffer. Store skred kan nå busetnad, veg eller jernbane, seier vaktsjef Ivar Berthling i NVE i pressemeldinga tysdag ettermiddag.
Flaumfaren er oppgradert til raudt og oransje nivå frå og med onsdag ettermiddag. Jordskredfare er på oransje nivå frå tysdag, i tillegg til raudt snøskredvarsel høgt til fjells.
NVE åtvarar om at det kan bli omfattande skadar. Det er dei store nedbørsmengdene som får dominoeffekt på flaum og skred.