Illustrasjonsfoto: NAF
Rogaland hadde etterslep på 3,2 milliardar kroner i vedlikehald av vegar
Rogaland fylkeskommune brukte 1 milliard kroner på vedlikehald av vegane i 2021. Fylket har likevel eit etterslep i vedlikehaldet på 3,2 milliardar kroner.
Rogaland fylkeskommune brukte 1 milliard kroner på vedlikehald av vegane i 2021, skriv NAF i ei pressemelding.
Totalt brukte fylka i Noreg 12,7 milliardar kroner på drift og vedlikehald av fylkesvegane i 2021.
– Dårlege vegar fører til bekymring for folk på kvardagsreisene, spesielt i Distrikts-Norge, seier Ingunn Handagard, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF.