Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Mattilsynet i Oslo melder om at det er påvist ringorm fleire stader i Noreg. Foto: Carina Johansen / NTB / NPK
Mattilsynet i Oslo melder om at det er påvist ringorm fleire stader i Noreg.

Ringorm påvist fleire stader i landet

Publisert Sist oppdatert
Mattilsynet opplyser om at det er påvist ringorm på storfebesetningar i Trøndelag og Vestfold.

Det er påvist eitt tilfelle av ringorm i Larvik kommune i Vestfold, skriv dei på sine sider.

Tidlegare i januar vart det påvist 16 tilfelle av ringorm i Trøndelag. Dei første tilfella av smitte i Trøndelag vart oppdaga mai i fjor.

Ringorm er ein type soppinfeksjon i huda hos pattedyr. Ringorm hos storfe og hos pelsdyr er ein sjukdom på nasjonal liste 2, noko som vil seie at han er alvorleg, og at systematisk kamp er påkravd for å kontrollere sjukdommen.

Tilsynet oppmodar alle storfehaldarar og andre aktørar i storfemiljøet til å følgje nøye med, og til å kontakte veterinær eller Mattilsynet viss dei har spørsmål eller ser teikn på ringorm i storfebesetningar.

Powered by Labrador CMS