På tampen
Rik, men fattig
Hausten herjar med oss igjen. Jo, eg kunne ha skrive om storm, vind, flaum og nedbørsrekordar. Ekstremvêret råkar oss stadig oftare. Men like opprivande og føreseieleg som hauststormen er den årlege striden om kommuneøkonomien. Kvar haust skal nytt budsjett og nye kuttforslag leggjast fram. Sparekniv og ostehøvel blir kvessa. Kor mykje skal det kuttast denne gongen?
Me lever med eit stort paradoks her i Noreg. Staten er søkkrik med pengar på bok. Oljefondet nærmar seg ufattelege tjue tusen milliardar kroner. Ein Onkel Skrue-pengebinge å ta seg ein dukkert i. På den andre sida slit kommunane med å få endane til å møtast. Lovpålagde oppgåver og krav aukar, innbyggjarane sine forventningar og behov aukar, men pengane aukar ikkje nok. Det synest som ein naturleg lov at det alltid er underskot i kommuneøkonomien. Regjeringa kjem med milliardar i ekstrabevilgningar til kommunane, men er dette ei langsiktig løysing eller berre minste motstands veg?
Ingen vil miste noko ein har. Ingen vil frivillig gå med på å leggje ned verken skule, barnehage, sjukeheim eller basseng i si eiga bygd. Forståeleg nok. Gradvis nedbygging av tilbod er unekteleg ei gradvis nedlegging av ei bygd. Kven vil flytte til og busetje seg i ei bygd utan skule? Desse debattane kjem like årvisst som hauststormen. Nasjonalt blei denne tematikken løfta til nye høgder i debatten rundt skulestruktur i Innlandet. Folkeaksjonar og fakkeltog blir den naturlege reaksjonen når me kjempar for det me har kjært.
Men er det realistisk å halde fram som før, og behalde alt me har – overalt? Eit nøkkelord, uansett korleis me vrir og vender på denne debatten, er demografi. Befolkningsutviklinga er tydeleg. Me lever lenger, samstundes som det blir fødd færre barn. Dette gir ei aldrande befolkning, med stadig større utgifter til helse og omsorg. Om få år vil det vere fleire over 65 år enn under 19 år i landet vårt. Forgubbinga vil ramme distrikta hardast. Dei gamle blir, dei unge reiser ut. Kven skal gjere jobben? Kommunane manglar allereie no fagfolk med kompetanse og blør pengar til vikarbyrå for å leige inn legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til trippel pris.
Me kan kjempe imot, men truleg må me tilpasse oss befolkningsutviklinga. Både familieplanlegging og høgare levealder er kome for å bli, og er jo i seg sjølv ei positiv utvikling. Det er allereie gjort grep med pensjonsreforma. Me må jobbe lenger. Men korleis kan me få fleire nordmenn i arbeidsfør alder til å delta i arbeidslivet? Vidare, korleis kan me få fleire unge til å velje dei yrka som trengst i samfunnet? For å setje det på spissen, korleis få dei unge til å ville jobbe innan helse og skule heller enn å bli influensarar?
Eit anna spørsmål som kjem til å bli stilt framover, er: Må me justere forventningane våre? Må me vere førebudde på å ta større ansvar sjølv, for vår eiga velferd og vår eigen alderdom? Noverande utvikling er ikkje berekraftig. Eldrebølgja me har høyrt snakk om i alle år, den er her no. Og akkurat som klimaendringar og ekstremvêr, kjem den berre til å ramme oss kraftigare i åra framover. Pengar er ikkje det me kjem til å gå tomme for først; det er arbeidskraft. Me er rike på milliardar, men fattige på hender og hovud. Kven skal gjere jobben?
Inga-Cecilie Sørheim