Inga Cecilie Sørheim.
På tampen
Rett medisin
Kvar dag skriv eg ut fleire titals reseptar. Reseptar på det både eg og pasienten håpar er rett medisin. Medisinske framskritt og legemiddelindustrien har medført ein revolusjon i behandlinga av mange sjukdommar, og bidratt til at me lever lenger og betre liv enn nokon gong før. Tenk kor mange som døydde av infeksjonar før antibiotikaen kom. Stadig fleire overlever eller lever lenge med kreftsjukdom. Og kva skulle me ha gjort utan narkosemidlar og smertestillande..?
Pasientar kjem til meg med eitt – eller gjerne fleire – problem. Dei ber om ei forklaring og ei løysing. Aller helst noko som virkar raskt og effektivt. Då er vegen til ein resept rask. Men finst det ei pille mot alt som er ille..? Av og til tenker eg at me i for stor grad set vår lit til at medisinar skal hjelpe mot alt her i livet. Stadig fleire av oss opplever diffuse plager som utmattelse, nedstemthet, angst og uro, uforklarlege smerter i kroppen. Plager som påverkar kvardagen og livskvaliteten vår, men som sjeldan har ein quick-fix».. Håpet er alltid at det finst ei enkel forklaring. Gjerne noko som kan fiksast med ei pille. Ofte er det ikkje så lett.
Minste motstands veg er menneskeleg. Sjølv om me veit at tiltak som fysisk aktivitet eller kognitiv terapi også kan vere god medisin, vil ein tablett krevje mindre eigeninnsats av oss. For meg er det mykje enklare å ta ein halv tablett når eg kjenner migrenen komme krypande, enn å gjere noko med bakanforliggande stress eller søvnmangel. (Og ligg unna sjokoladen; der går grensa..) For andre er det kanskje meir lettvint å svelgje ein tablett eller to enn å legge om kosthaldet, eksempelvis ved diabetes.