Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lånekassen set opp renta frå 1. juli. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Lånekassen set opp renta frå 1. juli.

Renta på studielånet aukar

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Flytande rente på studielånet er i dag 3,532 prosent, men vil auke til 3,668 prosent.

Dei aller fleste som betaler tilbake på studielånet sitt, har flytande rente. Dette gjeld 745.800 nordmenn, medan 19.100 har fastrente.

Dei som ønskjer å binde renta frå 1. juli, kan gjere dette mellom 10. og 17. juli. Fastrentene som gjeld då, vil vere 4,266 for tre år, 4,160 for fem år og 4,141 for ti års binding.

– Vi såg i heile fjor at svært få valde å binde renta, og denne trenden held fram i år. Så langt i år har berre 360 kundar bede om fastrenteavtale, seier produkteigar for lån Magnus Lingscheid-Andersen i Lånekassen.

Lånekassa har marknadsstyrte renter som blir sette med utgangspunkt i snittet av dei fem beste bustadlånsrentene minus 0,15 prosentpoeng.

(NPK)

Powered by Labrador CMS