Næringsliv
Renevo-sjefen: — Jobbar vidare med Etne
Renevo AS, som onsdag melde at dei stengjer biogassfabrikken på Stord, seier at dei framleis planlegg for bygging av ein fabrikk i Etne.
Onsdag blei det kjent at Renevo AS stengjer biogassfabrikken sin på Stord, grunna utfordringar med teknologien dei har valt.
Stenginga på Stord blir truleg berre mellombels, fram til dei har løyst dei teknologiske utfordringane sine, skriv bransjenettstaden biogassbransjen.no
Renevo er same selskapet som har hatt planar om ein fabrikk med dobbelt så stor kapasitet i Etne, ei sak som framleis er omstridd i lokalsamfunnet.
Dagleg leiar i Renevo seier til Grannar tidleg onsdag ettermiddag at dei framleis planlegg for bygging i Etne.
— Vedrørande anlegget i Etne, så jobbar vi vidare med det. Det at me no stanser på Stord for å sjå på ombyggingsmogelegheiter, er ein kunnskap me også vil ta med oss i Etne-prosjeket, skriv Stange i ein SMS til Grannar.