Kjøttkvotane gjekk for skyhøge summar under Landbruksdirektoratets auksjon av importkvotar for kjøtt og ost.
Foto: Kari Hamre / NPK
Rekordhøge prisar på importkvotar på kjøtt
Fleire kjøttkvotar vart selde for rekordhøge prisar under årets auksjon av importkvotar for kjøtt og ost, opplyser Landbruksdirektoratet.
Den totale inntekta hamna på 282,9 millionar kroner, som er ein kraftig auke frå i fjor.
– Årets auksjon viser ein markant auke i etterspurnaden etter importkvotar for kjøtt, noko som kan tyde på endringar i marknadssituasjonen for kjøtt i Noreg, seier rådgivar Herman Morken i Landbruksdirektoratet i ei pressemelding.
Kvoten for storfekjøtt på 1084 tonn vart seld for 70,24 kroner per kilo. Dette er dobbelt så mykje som i fjor, og ny rekord.