Mowis inntekter i tredje kvartal var rekordhøge 1,44 milliardar euro, opplyser selskapet. Her er eit av Mowis anlegg i Aukra i Romsdal.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Rekordhøge inntekter for Mowi i tredje kvartal
Sjømatselskapet Mowi hadde 1,44 milliardar euro i inntekter i tredje kvartal. Det operasjonelle driftsresultatet enda på 173 millionar euro.
Driftsresultatet er ein nedgang frå 230 millionar euro samanlikna med andre kvartal, medan det låg på 203 millionar euro i tredje kvartal i fjor.
Inntektene på 1,44 milliardar euro er likevel rekordhøge, og opp frå 1,34 milliardar i andre kvartal.
Styret i Mowi har dermed vedteke å utbetale eit utbytte på 1,50 kroner per aksje for tredje kvartal. Det svarer til rundt 776 millionar kroner. Førre kvartal var utbyttenivået på 1,70 kroner per aksje.