Det var høgare erstatningar for reiseskadar enn nokon gong i 2024
Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Reiseskadar kosta forsikringsselskapa rekordhøge summar i 2024
Erstatningane etter reiseskadar var høgare enn nokon gong i 2024. Sjukdom på reise toppar lista over erstatningar.
Til saman vart det utbetalt 3,1 milliardar kroner for avbestilte reiser, stolne eigedelar, ulykker og sjukdom, skriv Finans Norge i ei pressemelding. Det var meir enn nokon gong før.
Det var sjukdom på reise som auka mest, heile 31 prosent opp frå 2023. Denne kategorien utgjorde også den største delen av erstatningane.
– Sjukdom på reise kan fort bli dyrt, spesielt ved alvorlege tilfelle der forsikringa dekkjer heimtransport for pasienten, seier direktør for forsikring og pensjon, Stefi Kierulf Prytz, i Finans Norge.