Åkrafjorden Oppleving AS er mellom dei som er spent på kva 2021 vil bringe, etter at koronapandemien øydela det som låg an til å bli eit rekord-år for aktørane i Åkrafjorden.ARKIVFOTO
Reiselivet trur ikkje vaksinen reddar turiståret 2021
– Eit heilt normalt år får vi ikkje, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, til
NRK.
Oppmodar til tålmod
Ho merkar ein optimisme i næringa etter at vaksinen har komme på banen, og ber bankar og stat vere om å vere tolmodige kreditorar så turistnæringa kan berge fram til vi er tilbake til ein meir normal kvardag.
Ifølgje Dagens Næringsliv står fire av ti historiske hotell og serveringsbedrifter i fare for å gå konkurs grunna svikt i inntektene. Avisa skriv at november og desember har vore blytunge for stadar som Losby Gods, Hotel Union Geiranger og Øye, Fleischer’s Hotel i Voss, Gamle Logen, Statholdergaarden og Fløien Folkerestaurant.
Spent cruise-næring
I cruisenæringa er stemninga avventande, skriv NRK. Assisterande hamnedirektør i Nordfjord hamn, Sølve Oldeide, håpar på ei normalisering frå 1. juli. Men viktige månader kan gå tapt for cruisenæringa før det. I Aurland hamn satsar dei òg på oppstart i 2021, men med halvparten av dei planlagde anløpa.
(NPK)