Regnsommar fekk huseigarane til å tenkje nytt
Huset er absolutt eit blikkfang oppe i bakken på Årak litt vest for Sandeid. Planen var at heile huset skulle vere i tre, også taket. Men erfaringane frå ein vestlandsk sommar, fekk husbyggarane til å ombestemme seg.
— Huset var teikna i tre, men etter at vi budde her ein heil sommar og det regna kvar dag, slik vi hugsar det i ettertid, utfordra det valet av material. Steinen er vi godt nøgde med, og vi slepp vedlikehald og at det rotnar. Vi har lagt vekt på naturlege material, og at huset skal vere mest mogleg vedlikehaldsfritt, forklarer Rannveig Obrestad.
Saman med Sindre Tjøstheim kjøpte ho i 2014 eit småbruk av ein slektning i Ilsvåg.