Registrerer ferdslevegar

Utgangspunktet for registreringa, er at dei eldste vegane er kulturminne som bør registrerast. Den kraftige […]

Publisert Sist oppdatert

Utgangspunktet for registreringa, er at dei eldste vegane er kulturminne som bør registrerast. Den kraftige gjengroinga av kulturlandskapet dei siste åra, er ein medverkande grunn til at arbeidet hastar. Vegane bør påvisast og eventuelt takast vare på medan dei syner i landskapet. Dessutan er det ikkje alltid den eldre generasjonen er like flinke til å overføra denne typen kunnskap til nye slektsledd.
Ordførar Arne Bergsvåg har teke initiativet til registreringa, som vert leia av kultursjef Anny T. Heggebø. Dei har knytt til seg Heidi Handeland, som er utdanna arkeolog frå Universitet i Bergen. Ho er førebels engasjert for ein månad. Ordføraren håpar på økonomisk velvilje hjå Fylkesmannen, slik at arbeidet kan vara eit par månader til.
— Alle som kjenner til eldre vegar i kommunen, bør ta kontakt med Heidi Handeland. Dei finn henne på kommunehuset, seier ein ivrig ordførar.

Treng hjelp
Kultursjefen og ordføraren har sett henne i kontakt med Endre Heggen, som har skrive bok om bruer og vegar i Ølen kommune. Handeland er frå Håland i Etne, og har grunnleggjande lokalkjennskap i området. Ho er like fullt avhengig av kontakt med folk som er lokalkjende på grendenivå og gjerne heilt ned på gardsnivå.
— Her er mykje å ta tak i. Det kan vera aktuelt å opprusta nokre av vegane til gang- og sykkelvegar, seier Bergsvåg. Ein av dei vegane han har i tankane er gamlevegen frå Hiksdal ned mot Ølensjøen. Dette er ein del av den gamle postvegen mellom Ølen og Etne. Med ei viss opprusting kunne han fungera som skuleveg, noko som vil vera langt meir trafikksikkert enn å la borna sykla langs E134.

Ikkje graving
Ordføraren understrekar at dei fleste eldre vegane er på privat grunn. Dersom det seinare vert aktuelt å rusta opp nokre av dei på ein slik måte, kjem kommunen sjølvsagt til å vera i dialog med grunneigarane. I denne omgangen fokuserer ein berre på å få registrert flest mogleg av ferdsleårene som har gått ut av bruk.
— Det er ikkje berre sjølve vegane. Me vil kartleggja bruer, klopper, kvilestader og drikkestader. Fleire eldre vegar går til dømes framom naturlege oppkome, der dyra kunne drikka, understrekar Heggebø.
— Me skal berre driva på med overflateregistrering. Arbeidet vårt inneber ikkje noko graving, presiserer Handeland, som ikkje vil at slike misforståingar skal gjera at folk vegrar seg for å ta kontakt og gje henne den informasjonen ho treng.

Powered by Labrador CMS