Redda fuglar frå drukningsdøden
På Nerheim i Ølen har ein liten redningsaksjon føregått den siste tida, og den ser ut til å vera særs vellukka.
Drukna i nabostolpen
Trond Solberg har saman med barna Hedda (2) og Kevin (6) Solberg jobba hardt for å redda ein kjøtmeisfamilie frå drukningsdøden. Kjøtmeisfamilien laga nemleg reir i ein lyktestolpe og etter erfaring frå i fjor fann trioen ut at ei naudøysing måtte til.