Safe Scandinavia (i midten) fekk eit langvarig opphald hos Westcon Yard og sluttbeløpet vart sak for Stavanger tingrett. Eigar Prosafe er tilkjent 344 millionar kroner i tilbakebetaling frå Westcon.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Prosafe vann rettssaka
I tillegg må Westcon Yards AS betale Prosafe sine sakskostnader på 10,6 millionar kroner. Westcon må difor punge ut med rundt 355 millionar kroner.
Rettssaka var i Stavanger tingrett i haust, og no er det falle ein dom i favør av eigaren av bustadriggen Safe Scandinavia som Westcon bygde om til ein kombirigg som også kan utføre serviceoppdrag.
Kontrakten mellom dei to selskapa var kalkulert til om lag 1 milliard kroner, men då ombygginga var ferdig, var sluttbeløpet 2,4 milliardar kroner.