Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Prisa for få skadar og godt omdømme

Publisert Sist oppdatert

— Det var veldig kjekt og veldig overraskande å få ein slik pris. Det er stort at nokon legg merke til at me gjer så godt me kan, men eg synest ikkje me gjer noko anna enn andre bedrifter, seier Endre Krakk i firmaet Krakk transport AS og er takksam og glad for prisen.

— Godt omdøme

I grunngjevinga til juryen heiter det at selskapet har ein vesentleg lågare skadefrekvens enn tilsvarande bedrifter på lik storleik. Selskapet har også ein låg skadekost per køyretøy. Bedrifta er Fair transport-sertifisert og har avtale med eit eksternt firma som jobbar med trafikksikkerheit og oppfølging av sjåførane. I grunngjevinga er det også lagt vekt på selskapet sitt omdømme blant bransjekollegaer og kundar. Tilbakemeldingar frå eksterne er at dette er ei bedrift med svært gode holdningar og som tar trafikksikkerheit på alvor. Tilbakemeldingar frå sjåførane som juryen har snakka med er dei opplever at leiinga tar trafikksikkerheit på alvor. Det er lite tidspress frå leiinga og god ruteplanlegging, samt god dialog og takhøgd for å seia frå dersom det blir oppdaga manglar på rutinar eller feil på utstyr.

Powered by Labrador CMS